Er du jurist og vil kombinere arbeidsrett med HR og organisasjonsutvikling?
- LocationNorway
- Work typeOn-site
- Salary680k to 880k NOK a year
- Posted25 November 2026
- SourceEURES job feed
Last checked21 h ago: still listed on EURES. First seen yesterday.
About the role
I HR og organisasjon søker vi ein fagleg sterk jurist som vil kombinere arbeidsrett med breidda i HR-faget. Som HR-jurist hos oss får du bruke den juridiske kompetansen din i arbeidsrettslege problemstillingar, personalsaker, omstilling og leiarstøtte, samtidig som du bidrar i andre HR-oppgåver ut frå behova i organisasjonen.
Du blir ein del av eit tverrfagleg HR-miljø med erfarne og kunnskapsrike kollegaer innan HR, HMS, leiarutvikling og innovasjon. Vi jobbar tett saman, deler kunnskap og løyser oppgåver på tvers av fagområde. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å vidareutvikle fagområdet og høve til å påverke utviklinga av Nav Vestland.
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for å gjennomføre arbeids- og velferdspolitikken i fylket, og har styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret held til i Bergen og består av om lag 45 tilsette fordelte på fire avdelingar: HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester samt økonomi og analyse.
Kva går jobben ut på?
- rettleiing og leiarstøtte i arbeidsrettslege problemstillingar
- rådgiving i personalsaker og omstillingsprosessar
- arbeid med medbestemming, konflikthandtering og anna relevant avtaleverk
- skrive saksframlegg, utgreiingar og beslutningsgrunnlag
- bidra i formidling, opplæring og kompetanseheving innan arbeidsrett og HR
- handtering av personvernspørsmål på HR‑området
- delta i varierte HR‑oppgåver saman med resten av HR‑teamet
Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Stillinga kan innplasserast som rådgivar eller seniorrådgivar etter kompetanse og erfaring. Felles for begge rollene er at du må ha
- fullført master i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen som gjer rett til å bruke tittelen jurist. Dersom du har utanlandsk utdanning, må du ha godkjenning frå advokattilsynet for å bruke tittelen.
- god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
- gode digitale ferdigheiter
For tilsetting som rådgivar må du i tillegg ha
- kunnskap om arbeidsrett og kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- noko erfaring med å gi juridisk rådgiving
F or tilsetting som seniorrådgivar må du i tillegg ha
- god arbeidserfaring frå oppgåver innan arbeidsrett
- erfaring med juridisk rådgiving og rettleiing til leiarar eller andre avgjerdstakarar
- erfaring med relevant lov- og avtaleverk
Kva ser vi etter hos deg ?
- du er fagleg trygg og forklarer juridiske reglar på ein enkel og forståeleg måte
- du trivst med samarbeid, rettleiing og kunnskapsdeling
- du er strukturert og klarer å prioritere mellom løpande oppgåver
- du finn løysingar på komplekse problemstillingar og trivst med å veksle mellom operative og strategiske oppgåver
Kvifor velje oss?
- ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar (lønn frå kr. 680 000 til kr. 780 000) eller 1364 seniorrådgivar (lønn frå kr. 780 000 til kr. 880 000), vurdert etter kvalifikasjonar og kompetanse. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn ut over lønnsspennet vurderast.
Slik søker du på stillinga Vi ønsker å gjere søknadsprosessen enklare og meir relevant. Du treng derfor ikkje å skrive søknadsbrev. I staden ber vi deg om å sende inn ein oppdatert og utfyllande CV, og svare på nokre korte spørsmål om erfaringa di og kompetansen din.
KontaktinformasjonKathrine Martinsen, Avdelingsdirektør HR og organisasjon, 402 39 734, kathrine.martinsen@nav.no
ArbeidsstadSolheimsgaten 7E
5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5209641322
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2026
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Get open roles ranked against your CV
Add your CV once. RoleFinder ranks the open roles where you want to work, plus remote ones, against it, shows your best 12 with a one-line reason each, and emails you new matches once a week. The file is read once by AI and not kept; employers never see it.
Sign in with Google or email to start. How we handle your CV