Overlege hyperbarmedisin
- LocationNorway
- Work typeOn-site
- Posted27 November 2026
- SourceEURES job feed
Last checked3 h ago: still listed on EURES. First seen 3 h ago.
About the role
100% fast stilling for overlege er ledig ved Seksjon for hyperbarmedisin.
Seksjon for hyperbarmedisin er ein del av Yrkesmedisinsk avdeling og er lokalisert i underetasjen i Konrad Birkhaugs hus på Haukeland universitetssjukehus. Vi er ein poliklinikk som har nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling (HBO) og nasjonal behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar. Elektive indikasjonar er stråleskadar i hovud-/ halsregion eller bekkenregionen, kroniske sår i stråla vevnad eller kroniske diabetiske fotsår med mikroangiopati og kronisk behandlingsrefraktær osteomyelitt. Dei elektive pasientane får poliklinisk seriebehandling i trykkammer fem dager per veke i seks veker.
Poliklinikken har åpningstid frå kl 07:30-16:30. Seksjonen besørger og øyeblikkeleg hjelp HBO i helseregion vest og midt-Noreg. Dei vanlegaste indikasjonane for øyeblikkeleg hjelp HBO er dykkarsjuke, nekrotiserande mjukvevnadsinfeksjonar, akutt idiopatisk høyretap, gassemboliar og kullosintox. Det er tre overlegar som jobber ved poliklinikken. I tillegg er det tre overlegar og ni trykkammeroperatørar som kun har vaktteneste (dykkelegevakt).
Utgreiing av yrkesskade hos yrkedykkarar skjer i samarbeid med Arbeidsmedisinsk seksjon og ØNH/Balanselaboratoriet.
Det gis stedlig opplæring i operasjon av trykkamre og Sjøforsvarets kurs for dykkerleger dersom søkar ikkje har dette.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av elektive polikliniske pasientar gjennom pasientforløpet i samarbeid med sjukepleiartenesta som opererer trykkamra. Dette utgjer hovudtyngda av arbeidsoppgåvene
- Utgreiing av yrkesskade hos yrkesdykkarar er ein liten del av arbeidsoppgåvene
- Vurdering av tilvisingar utgjer og ein stor del av arbeidsoppgåvene
- Operasjon av trykkammer i samarbeid med andre overlegar eller kammeroperatørar
- Behandling av intensivpasient på respirator i trykkammer i samarbeid med anestesilege
- Delta i pågåande kliniske forskingsprosjekt eller utvikle eigne
- Undervising i relevante fora
- 6-delt beredskapsvakt som dykkemedisinsk lege
Kvalifikasjonar
- Spesialist i relevant klinisk spesialitet (Onkologi, Indremedisin, Gynekologi, Kirurgi, Nevrologi, Allmennmedisin, Anestesiologi, ØNH)
- Sertifisert dykkelege (intern opplæring og sertifisering vil bli gitt)
- Erfaring med hyperbar oksygenbehandling er ein fordel, men ikkje ein føresetnad for å kunne søke stillinga
- Norsk autorisasjon
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare, både munnleg og skriftleg
- God teknisk innsikt
- God forståing for fysikk
Personlege eigenskapar
- Du er punktleg og påliteleg og på tilbodssida
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har godt humør
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Spisskompetanse på eit lite fagfelt
- Deltaking i forskingsprosjekt
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonGuro Vaagbø, Seksjonsleiar, 91569011
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5209051547
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.12.2026
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Get open roles ranked against your CV
Add your CV once. RoleFinder ranks the open roles where you want to work, plus remote ones, against it, shows your best 12 with a one-line reason each, and emails you new matches once a week. The file is read once by AI and not kept; employers never see it.
Sign in with Google or email to start. How we handle your CV