Vil du leie eit viktig knutepunkt i helse- og omsorgstenestene?
- LocationNorway
- Work typeOn-site
- Posted23 November 2026
- SourceEURES job feed
Last checked6 h ago: still listed on EURES. First seen 2 days ago.
About the role
Avdelingsleiar for tildelingskontoret – 100 % vikariat
Har du eit engasjement for gode tenester, rettstryggleik og utvikling? Vi ser etter ein trygg og framtidsretta leiar som vil vere med på å sikre at innbyggjarane i Hemsedal får rett hjelp til rett tid.
Tildelingskontoret er kommunen sitt forvaltningskontor for helse- og omsorgstenester. Her møtest faglege vurderingar, lovverk, innbyggjarane sine behov og kommunen sine ressursar. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å utvikle heilskaplege, berekraftige tenester med vekt på tidleg innsats, meistring og kvalitet.
Dette blir di rolle
- Leie og utvikle tildelingskontoret, med ansvar for personal, fag og økonomi.
- Sikre forsvarleg sakshandsaming, gode individuelle vurderingar og kvalitet i tildeling av tenester.
- Bidra til samhandling på tvers av fagmiljø og tenester, slik at innbyggjarane møter eit heilskapleg tilbod.
- Ta aktiv del i utviklingsarbeidet i helse og omsorg og bidra til gode løysingar innanfor faglege, juridiske og økonomiske rammer.
- Støtte, inspirere og utvikle medarbeidarar i eit viktig kompetansemiljø.
Vi ser etter deg som
- Har relevant helse- og/eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet
- Har god kjennskap til relevant lovverk og erfaring med sakshandsaming
- Har relevant leiarerfaring; leiarutdanning er ønskjeleg, men lang leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning
- Kommuniserer tydeleg, byggjer gode relasjonar og skaper tillit
- Arbeider strukturert og heilskapleg, tek gode avgjerder og står støtt i krevjande vurderingar
- Ser moglegheiter for utvikling og evnar å få andre med på endring
Dette kan vi tilby
- Ei meiningsfull leiarrolle med høve til å påverke tenestene og utviklinga i kommunen.
- Ein variert arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og spennande faglege problemstillingar.
- Eit arbeidsmiljø med samarbeid, ansvar og rom for initiativ.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Praktisk informasjon Stilling: 100 % vikariat | Vikariatperiode: 01.03.2027 - 15.08.2028
Tildelingskontoret er organisert i kommunalsjefområdet helse og omsorg. Avdelingsleiaren rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.
Søknad skal sendast elektronisk. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
Spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med kommunalsjef for helse og omsorg, Anita Foss Midlang, telefon 90 01 62 78.
Vi håpar å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Hemsedal kommune er en liten fjellbygd i Hallingdalsregionen. Kommunen er møtet mellom øst og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, og 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har økende folketall og en spennende reiselivsutvikling parallelt med et livskraftig landbruk, og et rikt og mangfoldig kulturliv.
Alpintilbudet er godt kjent samtidig som uberørte naturområder er kilde til glede, både sommer som vinter; på ski, i kano, på sykkel, til fots eller med fiskestang og jaktutstyr.
Get open roles ranked against your CV
Add your CV once. RoleFinder ranks the open roles where you want to work, plus remote ones, against it, shows your best 12 with a one-line reason each, and emails you new matches once a week. The file is read once by AI and not kept; employers never see it.
Sign in with Google or email to start. How we handle your CV